Stadnamn i Nordland som byrjar med Ulv...

Klikk for stort bilde

Arkiv i Nordland har vore med i programserien «Hvem tror du at du er?» på NRK1. Her vart vi med Vegar Ulvang på leiting etter oldefar Wilhelm Skogsholm ymse stader på Helgelandskysten. Det som ikkje kom fram i programmet, er at namnet Ulvang òg kjem frå desse traktene, nemleg Ulvangen i Leirfjord.

Kvifor nemne det her? Jau, stadnamngranskaren Finn Myrvang, som styrte med innsamlinga av nesten 200 000 stadnamn gjennom Stadnamnprosjektet i Nordland, har skrive ein artikkel om namn i Nordland som byrjar med Ulpi – Ylfi – Olvi, og som seinare er blitt til Ulv som i Ulvangen.

Les meir om det her. (PDF, 2 MB)